Om Voss Kunst og Kultur

Voss Kunst og Kultur er ein organisasjon dedikert til å løfte fram og bevare kunst, handverk og kultur med røter i Voss og omegn. Me arbeidar for å fremje lokal kulturarv og skape ein plattform der tradisjon møter innovasjon.

Som koordinator for kulturminnedagane i Indre Vestland, har me ei sentral rolle i å organisere og promotere arrangement som feirar og heidrar vår rike historie og kultur. Desse dagane er ein viktig arena for å dele kunnskap, inspirere til vidare utforsking og engasjere både lokalbefolkninga og besøkande. I 2023 vann organisasjonen kulturminnedagsprisen.

I tillegg til kulturminnedagane, arrangerer me ei rekke kurs innan forskjellige typar tradisjonshandverk. Desse kursa gir deltakarane moglegheit til å lære og meistre gamle teknikkar, samtidig som dei utforskar nye måtar å uttrykke seg på. Målet vårt er å bevare handverkstradisjonar og inspirere nye generasjonar til å vidareføre desse ferdigheitene.

Me arbeider òg aktivt med å etablere og drive fleire verkstader på Voss for handverk. Desse verkstadene fungerer som kreative møtestader der handverkarar kan jobbe, samarbeide og dele kunnskap. Gjennom våre verkstader ønskjer vi å skape eit levande og dynamisk miljø for handverk på Voss, der både erfarne handverkarar og nybyrjarar kan utvikle sine ferdigheiter og uttrykk.

Voss Kunst og Kultur er ei drivkraft for kunstnarisk og kulturell utvikling i regionen, og vi er stolte av å vere ein del av Voss sitt rike kulturmiljø. Gjennom våre aktivitetar og prosjekt, jobbar me for å skape ein levande og inkluderande kulturarena for alle.

Bli med oss på vår reise for å bevare og utvikle kunst, handverk og kultur på Voss og omegn!

Medlemskap i organisasjonen betales på Vipps Nr. 720715

Fordeler ved medlemskap:

  • Promotering av handverk via våre kanaler og salgsarenaer

  • Rabatt på leige av verkstedplass på våre verkstadar

  • Rabatt på kurs

  • Vær med å støtte kulturelle arrangement i Voss og Omegn med ditt medlemskap